Ved lakseelva Nausta
Naustdal Camping ligg lunt og fint ved den kjente lakseelva Nausta, og med sol frå morgon til kveld. Med utsyn over den flotte elva og det mektige Heilefjellet, finn du fort ro i sjela her.
Campingplassen har kort avstand til Sunnfjord si beste badestrand, Sanden. Stranda er eit flott rekreasjonsområde, og blir brukt mykje av både unge og eldre.
Butikk (Extra) og bensinstasjon (Best) finnes innanfor 10 min gange, og det er gangveg frå campingplassen.
I Naustdal finn ein mange flotte merka turløyper i fjellet, og 500 meter i frå Naustdal camping finn du Naustdal stadion, med bl.a. kunstgrasbane og tennisbane.
Campingplassen har for tiden oppstillingsplasser for opptil 16 bubilar/campingvogner med uttak for straum.
I tillegg har vi ein del plasser til telt.
Vi har sanitæranlegg på campingplassen med wc, dusj og vaskemaskin.
Foto: Anne Sylvi Solheim.
For meir info om reservasjon, priser, kontakt, m.m, klikk deg inn på MENY øverst på sida.
Vi ynskjer deg velkomen til oss.
Helsing Naustdal Camping